Vest-Telemark Soul Children starta opp som Kviteseid Soul Children i 2012. Me øver annakvar torsdag kl 18.30-20.00 i musikkrommet i Kviteseidhallen, og opptrer ikring ein gong i månaden. Me syng, dansar og har det gøy med musikk, både på øvingane, når me opptrer for andre og når me reiser på festival.
Me er nemleg ikkje åleine; mer er eit av meir enn hundre soul children-kor i Noreg. Rørsla har og spreidd seg til mange andre land! Det heile starta i 2001 i Oslo, då Ragnhild Hiis Ånestad starta Oslo Soul Children. Framleis har Oslo Soul Children ein leiande rolle i å produsere ny musikk som nyttast av oss og alle dei andre soul children-kora rundt om i verda.