olavbholm

36 innlegg

Velkommen til Kviteseid 9.-11. februar!

Denne helga inviterer Tinn Soul Children, Rjukan Soul Teens, Notodden Soul Children og Kviteseid Soul Children til fest på misjonshuset i Kviteseid! I tillegg til å møtes og ha det gøy saman, får vi besøk av Naco Vèlez (Spania) og Gwen Henderson (USA)

Nacho Vélez (Ignacio Melús Vélez): Nacho er ein fantastisk korleder, sanger og flamencodanser(!) som har drive mykje med Gospel i USA. Gwen Henderson er profesjonell kordame, sangpedagog og TVskuespiller som har samarbeida med ei rekkje kjende namn i USA. Ho er også pianist og forkynnar.

Velkommen til ei helg fylt av fellesskap, musikkglede og leik! Dette blir garantert inspirerande og gøy! Ta kontakt med Olav Holm, tlf 93401156 om du ynskjer å vere med.

Les videre

Fellesskap

Me ynskjer å vere eit åpent og inkluderande fellesskap der alle føler seg sett og verdsatt. Me trur alle menneske har ein heilt unik verdi som Guds skaparverk, og vi ynskjer å skape ein inkluderande kultur der vi heidrar kvarandre og lyfter kvarandre. På den måten ærer vi og Gud, skaparen vår.

På øvingane har vi og ei kort andakt der vi deler bibelord og bøn.

 

Festival

Me er ein del av ei stor rørsle, og møtar jamnleg folk frå andre Soul Children-kor. Det finst ikring 300 slike kor rundt om i verda! Den største møteplassen er «The International Soul Children Festival» i Oslo Spektrum, med ikring 2000 deltagarar.