Soul Children startar opp med fyrste øving tysdag 15. januar kl 18 i Kviteseid misjonskyrkje (Betel). Gamle og nye songarar, dansarar og musikarar er velkomne!
Uncategorized
4 innlegg
Me ynskjer å vere eit åpent og inkluderande fellesskap der alle føler seg sett og verdsatt. Me trur alle menneske har ein heilt unik verdi som Guds skaparverk, og vi ynskjer å skape ein inkluderande kultur der vi heidrar kvarandre og lyfter kvarandre. På den måten ærer vi og Gud, skaparen vår.
På øvingane har vi og ei kort andakt der vi deler bibelord og bøn.
Me er ein del av ei stor rørsle, og møtar jamnleg folk frå andre Soul Children-kor. Det finst ikring 300 slike kor rundt om i verda! Den største møteplassen er «The International Soul Children Festival» i Oslo Spektrum, med ikring 2000 deltagarar.
Me ynskjer å glede og inspirere gjennom musikk som born og unge er glade i! Dei fleste sangtekstane våre har eit kristent innhald.